Arbeid i heimeindustri og på fabrikk

I 1833 ble det i England gitt ut to bøker som begge omhandlet konsekvenser av industrialisering og fabrikkproduksjon; Peter Gaskell (1806-1841): The Manufacturing Population of England: Its Moral, Social and Physical Conditions, and the Changes which have arisen from the Use of the Steam Machinery og Richard Guest: A Compendous History of the Cotton-Manufacture. Begge beskriver kontrasten mellom førindustrielle og industrielle produksjonsmetoder, men de har helt forskjellig syn på konsekvensene av industriens gjennombrudd. Begge tekstene er oversatt av Marianne Sjursø.

Oppgave

  1. Samanlikn Guest og Gaskell når det gjeld synet på fabrikksamfunnet. Kva skil dei to forfattarane? Kva forhold legg dei vekt på i framstillinga?
  2. Dette er skrive i 1830-åra. Kva fortel dei to framstillingane som kjelde og som skildring?

Kilder

Peter Gaskell:

Til vanleg levde heimearbeidarane i utkanten av dei store byane eller endå lenger ute på landsbygda. Ettersom dei sjølve dyrka jord og hadde enkle vanar og ikkje trong så mykje – bruken av te og kaffi og krydder var jamt over lite kjend – var det ikkje ofte at dei drog bort frå heimen. Representantar for grossistane reiste rundt og henta det garnet dei spann, det vart levert til vevarane, eller så fanst det eigne lager i nærleiken der representantane kunne gå og hente produkta. Menn med grått hår – fedrar i store huslydar – hadde på denne måten levd heile det lange livet sitt med å spinne eller veve utan at dei nokon gong hadde vore i ein by, før dei på slutten av livet vart tvinga til det for å kunne forsyte seg og sine. Dei vart nøydde til å dra dit med familiane for å få arbeid ved dei dampdrivne spinnemaskinane. (...)

Det er ikkje meininga å skildre eit Arkadia, eg vil ikkje påstå at heimearbeidarane var frie for dei feil og lyte som andre menneske har. Slett ikkje. Men heimearbeidaren fekk gjevande høvet til å vere fornøgd og heiderleg, til å ha ein sunn kropp, urørt av oppjaga arbeid i varm og urein luft, urørt av eimen frå vertshuset, fæle ølkafear og all annan styggedom som trugar med å øydeleggje helsa. Tvert om levde han normalt til høg alder, arbeidde når det var naudsynt, slutta å arbeide når han hadde tent nok, alt etter eigen hug og smak. Og om han var av dei som gjerne ville bruke tid og pengar på å drikke, kunne han gjere det i eit hus som var like velstelt og skikkelig som hans eige. (...)

Det kan ikkje vere spørsmål om anna enn at di meir ein granskar tilhøva, di tydelegare kjem det fram at heimearbeidarane både moralsk og sosialt stod svært mykje høgare enn fabrikkarbeidarane i nyare tid. (...)

Alle som kl. 12 har stått ved den smale døra som er den einaste utgangen for dei tilsette ved dei store bomullsfabrikkane, må vere samde om at eit styggare følgje av menn og kvinner, gutar og jenter (...) er det ikkje råd å møte nokon annan stad på eit så lite område. Huda deira er gulbleik og sjukleg; dei er liksom så flate i andletet fordi dei ikkje har det feittvev som skal runde av kinna. Dei er små av vekst – etter ei måling av 400 menn på ulike stader og til ulike tider kom ein fram til eit gjennomsnitt på 167 cm. Lemmene er spinkle, og det er noko tafatt og klossete i heile måten dei rører seg på. Svært mange er hjulbeinte. Mange av jentene og dei vaksne kvinnene krøkjer seg ihop når dei går, med innklemde brystkassar og kryl på ryggen. (...)
Klokka 12 blir maskinen stansa, og så har dei ein time til middagsmåltidet. Til vanleg går arbeidarane heim til middag. Middagen er kokte poteter, ofte berre det, nokre gonger med ein fleskebit til, somtid med kjøt. Men det er berre dei høgtlønte og velvørde arbeidarane som kan ha kjøt. Det vanlegaste er at fleirtalet av arbeidarane bur langt frå fabrikken, og då går ein stor del av middagspausen med til å gå eller rettare springe att og fram. (...)

Middagen er ikkje godt tillaga. Ofte er det eit barn eller eit svakt, eldre menneske som har vore heime for å lage han. Familien slår seg ned ved bordet, om dei då har noko bord. Alle kappast om kven som fortast kan få i seg den skrale kosten. Hungeren får dei stilt på grunn av mengda, men maten har liten næringsverdi. (...)

Så er dei på nytt bundne til arbeidet frå klokka eitt til klokka åtte eller ni, med 20 minutts "tepause" innimellom. Dette ufullstendige måltidet tek dei som regel i fabrikken. Så å seie utan unntak et dei då te og kveitebrød. På heile dette lange skiftet er dei heile tida i intenst arbeid i eit overfolka lokale med høg temperatur, slik at når arbeidsdagen er slutt, er dei utmatta både på kropp og sjel.

Richard Guest:

Før bomullsproduksjonen kom i gang, var innbyggjarane i Lancashire for det meste jordbrukarar. Godseigaren var den føydale overherren i bygda, og godset der han budde, "the Hall", som det vart kalla, vart sett på som eit slott. Det var godsherren som stod for meiningane, det var han som ordna med kyrkjelydssakene, og han var den sjølvskrivne skilsdommaren i alle tvistar. I helgene og på fridagar var bygdefolket bedne til the Hall, der dei hadde brytekampar, sprang om kapp, spela kjeglespel og drakk øl. (...)

Bonden nøgde seg med å følgje den gamle bruksmåten og den gamle teknikken som forfedrane hadde nytta i mange ættleder, utan at han tenkte så mykje over det. Nye driftsmåtar og ny reiskap tok dei imot, eller rettare såg på, med uvilje og vanvørdnad. Prisane på jordbruksvarer heldt seg nokså mykje på det same, og det var lite konkurranse. Tankeevna stivna fordi tinga jamt over var som dei hadde vore, og då fekk folk så lite som kunne eggje dei til å setje noko i gang. Mennene, som for det meste gjekk for seg sjølve og arbeidde, fekk ikkje prøvd og utvikla tenkjeevne og forstand gjennom kontaktar og utveksling av tankar. Dei levde eit liv som var einsformig og likt frå dag til dag, og det gjorde at dei vart tydeleg sløve og reagerte svært mekanisk. (...)

Det at det vart gjort framsteg i bomullsproduksjonen, førte til store endringar i liv og vanar for folk. Når arbeidarane kom saman i store flokkar, fekk dei skjerpt forstandsevnene sine gjennom det at dei så ofte var i lag. Samtalen gjekk om svært ulike emne, ting som dei ikkje før hadde vore borti. Problema med krig og fred interesserte dei svært, ettersom resultatet kunne føre til høgare eller lågare lønner og derfor vart svært viktig. Dette spørsmålet førte dei vidare ut på politikkens vide felt, og til diskusjonar om det som regjeringa (...) tok seg til. (...) Før hadde dei brukt forstanden så lite at dei ikkje stod så mykje høgare enn den buskapen dei stelte; no hadde dei vorte politisk medvitne borgarar. (...)

Det vart født hos dei ei underleg verdfull kjensle av å vere frie og sjølvstendige, og det voks fram ein trygg veremåte og ei sikker framferd som ein får når ein veit kven ein er, og kjenner sitt eige verd og sin eigen posisjon. Det som bygde opp til dette, var overtydinga om at framgangen deira først og fremst bygde på det dei sjølve hadde gjort. Utviklinga vart hjelpt fram av at vevarane så lett kunne byte arbeidsgjevar, og av strevet og prøvinga heile tida for å skaffe seg den høgaste betalinga for arbeidet sitt. Her var det viktig at dei som skapte kvalitetsvarer og gjorde skikkeleg arbeid, kunne få høgare lønn. Det skjerpte evna til å gjere nye oppfinningar.