Barn i gruvearbeid

Historia nedanfor er fortalt av Knut Vik, fødd i 1881 ved Røros. Frå I manns minne. Daglegliv ved hundreårsskiftet, band 1, Det Norske Samlaget 1968.

Oppgave

  1. Kva for oppgåve hadde vaskar-ryssen? Kor gamle var dei?
  2. Ingen – korkje barn eller vaksne – gjer arbeidet til vaskar-ryssen i dag. Kvifor ikkje?

Kilde

Knut Vik fortel

Som det er nemnt før, hadde dei fleste vaksne mannfolk i grenda arbeid på gruva. Gutungar måtte òg dit ei tid og vera "vaskar-ryss", som dei kalla det. Ein var liksom ikkje noko til kar før ein hadde prøvd det. Eg orda frampå om at eg ville prøve det da eg var elleve år. Far og mor hadde ikkje noko større hug på det. (…) Men året etter bar det i veg.

Arbeidet på "vaskinga", som arbeidsstaden vart kalla, gjekk ut på å plukke ut koparmalm og kis frå blandinga med gråberg. Godset var først handsama på "reinskinga" (...) der vaksne arbeidarar hadde teke ut dei store malmklumpane, så det var berre småstein som kom til oss, mest frå neverstorleik og nedetter. (...) Godset vart med elevator ført opp i tredje høgda og rann derifrå ned i ein stor vaske-trommel, tettsett med piggar inni og med hol i veggene, så vatnet som spruta frå eit røyr midt i trommelen, skulle sleppa ut saman med det som vart vaska av godset. Dette vaskevatnet rann så gjennom røyr ned i ein større bygning, "vaskeriet", der det var fullt av maskinar, som skilde dei tunge malmkorna frå dei lettare av gråberg.

Vårt gods kom frå trommelen ned på eit stort ringforma bord av jarn – vel ein 4–5 meter i tverrmål – med ei trekt i midten, som vi skulle kaste koparmalmen i, og med renner langs kanten til svovelkis. Bordet gjekk rundt, og når det var ferdig med ein rundgang, skulle det vera berre gråberg att på bordet. Det vart så skrapa av med ei fjøl ned i ei anna renne.

Ikring dette bordet stod da vi vaskar-ryssen – 15–20 stykke – og plukka malm ("hemta", heitte det på fagspråket). Vi stod eller halvt sat på krakkar som vi laga av ein staur med ei fjøl oppå enden. Det var ikkje tungt arbeid, men sjølvsagt sleit det på fingrane. Eg såg dei som blødde på fingertuppane. Kaldt var det òg for hendene, særleg om våren følgde det ofte isbitar med godset.

Kaldt i rommet kunne det vera òg. Huset hadde berre tynne bordvegger med mange opningar. Det hende dei sette inn ein trommel, som vi kunne brenne famnved i. Det vart vel ikkje stort varmare i rommet av det, men vi kunne da varme hendene av og til.

Eg var ein av dei eldste i laget. Der var gutar heilt ned til 8-årsalderen. Dei einaste vaksne ved bordet var formannen. Han sat gjerne attmed den guten som skrapa ned gråberget, og passa på at det ikkje vart med malm der.

I første høgda var det så vogner som tok imot det vi hemta eller skrapa ned. Dei gjekk på skjenegangar som førte over ei bru til malmvelta og gråberg-velta. Eg hugsar frå ein av dei første dagane vi var der, at ei malmvogn gjekk av sporet på brua og datt ned, og han som skuva ho, følgde med. Det var eit fall på mellom to og tre meter. Da vi kom til, stod han og heldt seg på ryggen, men han gjekk ikkje frå arbeidet.

Vi var to lag som arbeidde i skift, det meste av tida slik at det eine arbeidde frå 4 til 8 og frå 12 til 16, det andre frå 8 til 12 og frå 16 til 20. Men eg tykkjest minnast at vi ved jonsokleite, da det var lyst heile natta, hadde ti timars arbeidsdag, slik at det eine laget gjekk på arbeid klokka to om natta, og det andre slutta klokka 22 om kvelden. (...)

I fritida budde vi i den store gamle steinbrakka på Storwarts, vel ein kilometer frå arbeidsstaden. Her var alt ved det gamle enno den første sommaren eg var der. Soveplassane var "sløer", benker så breie som lengda på ein velvaksen kar. Der måtte ein eta òg. Det fanst ikkje noko bord i brakka. Over kvar soveplass var det eit lite matskåp på veggen. Midt på golvet var det ein veldig eldstad, som var tilgjengeleg frå alle sider. Her kunne ein koke kaffi og mat om ein ville. Men det gjekk visst mest i tørrmat og tjukkmjølk for de fleste, i minsto for gutane som ikkje var noko større vane med koking i peis.