Kunngjøring fra den norske regjeringen 10. april 1940

Oppgave

  1. Hvilke anvisninger gir regjeringen til folket?
  2. Hvordan kan det forklares at kunngjøringen ikke inneholder noen klar oppfordring om militær mobilisering?

Kilde

Til det norske folk!

Den tyske regjeringa har kravd at den norske Kongen skal utnemne ei regjering som har tysk tillit og som den tyske føraren har peikt ut. Kongen har ikkje kunna bøye seg for eit krav som ville gjera Noreg til eit usjølvstendig rike. Her kan inga anna regjering få styre enn den som har tillit hos det norske folket.

Den regjeringa som no i fem år har stått for styringa i landet i samarbeid med Stortinget, er framleis den einaste lovlege norske Regjeringa.

Denne regjeringa baud seg til å gå av da det tyske overfallet på Noreg var satt i verk. Men Stortinget bad samrøystes om at ho skulle bli ståande. Og Regjeringa står.

Ho vender seg no til heile det norske folket og bed det hjelpe ho med å halde oppe ei lovleg styring i landet, – norsk grunnlov, norsk fridom, norsk sjølvstende.

Tyskland har gjort imot Norge eitt av dei stygge valdsverka som historia kjenner så altfor mange av. Det har broti seg inn i landet med bomber og allslags andre øydeleggingsvåpen. Det har grovt og vyrdlaust krenkt alle rettane til eit lite folk som berre ynskjer å leva i fred.

Den norske Regjeringa er viss på at heile den siviliserte verda avdømmer denne udåden. Men fyrst og fremst er ho trygg på at det norske folket vil setja all evna si inn på å reise oppatt den fridomen og det sjølvstendet som framand makt med vald har vilja slå ned.

Det kan sjå mørkt ut for Noreg i denne stunda, og mykje kan det lukkast for valdsherrane å få øydelagt. Men Regjeringa har den visse vona at ei ny og lys framtid skal koma for landet ein gong.

Ho manar difor heile det norske folket til å halda fast på den norske fridomsarven i truskap mot dei store tankane som har bori landet vårt fram gjennom hundreåra.

Leve fedrelandet! Leve eit fritt Noreg!

Johan Nygaardsvold

Jeg slutter meg i ett og alt til den appell som Regjeringen har rettet til det norske folk. Jeg er overbevist om at jeg har hele folket med meg i den beslutning som her er tatt.

Haakon R.